Heggland kyrkje

I Hegglandsgrend vart det bygd ei stavkyrkje i mellomalderen. Den vart riven i 1670. Ei ny kyrkje vart bygd i 1671, og riven i 1845. Nokre år seinare vart kyrkja på Veum bygd. Kyrkja i Hegglandsgrend var ei valfartskyrkje og lovekyrkje, som folk gav gåver til. Rundt St.Hans kom mykje folk hit, då var det bålbrenning, dans, bading i elva og messe. Mange kom hit for å bli helbreda. Ei Olavskjelde like ved kyrkja skulle ha vatn med helbredande kraft. Under rivinga av kyrkje fann ein mange krykkar på loftet. Hadde dei vorte helbreda ?

Mykje av inventaret i kyrkja havna hjå bønder i Hegglandsgrend. Altertavla av Halvor Grool havna på Brokke, men vart gjeven til Moland kyrkje i 1962.

Den gamle kyrkjegarden ligg der idag, like ved riksvegen. På olsok er det gjerne gudsteneste her.

Heggland gamle kyrkjegard

Heggland gamle kyrkjegard

Heggland gml. kyrkjegard øverst til høgre , bak Brokke gard.

Heggland gml. kyrkjegard øverst til høgre , bak Brokke gard.