Trusvedkjenninga

Veum kyrkje

Den apostoliske truvedkjenninga (nynorsk)

Eg trur på Gud Fader, den allmektige,
som skapte himmelen og jorda.

Eg trur på Jesus Kristus, Guds einborne son, vår Herre,
som vart avla ved Den heilage ande,
fødd av Maria møy,
pint under Pontius Pilatus,
vart krossfest, døydde og vart gravlagt,
fór ned til dødsriket,
stod opp frå dei døde tredje dagen,
fór opp til himmelen,
sit ved høgre handa åt Gud, den allmektige Fader,
skal koma att derifrå og døma levande og døde.

Eg trur på Den heilage ande,
ei heilag, allmenn kyrkje,
eit samfunn av dei heilage,
forlating for syndene,
oppstoda av lekamen
og evig liv.
Amen.

 

Den nikenske trusvedkjenninga

Vi trur på éin Gud, den allmektige Far, som har skapt himmel og jord, alt synleg og usynleg Vi trur på éin Herre, Jesus Kristus, Guds einborne Son, fødd av Faderen før alle tider, Gud av Gud, ljos av ljos, sann Gud av sann Gud, fødd, ikkje skapt, av same vesen som Faderen. Ved han er alt skapt. For oss menneske og til vår frelse steig han ned frå himmelen, og ved Den heilage ande og av Maria møy vart han menneske av kjøt og blod. Han vart krossfest for oss under Pontius Pilatus, leid og vart gravlagd, stod opp tredje dagen etter Skriftene og fór opp til himmelen, sit ved høgre handa åt Faderen, skal koma att i herlegdom og døma levande og døde, og hans rike skal vera utan ende. Vi trur på Den heilage ande, som er Herre og gjer levande, som går ut frå Faderen og Sonen, som vert tilbeden og æra saman med Faderen og Sonen, og som har tala gjennom profetane. Vi trur på éi heilag, allmenn og apostolisk kyrkje. Vi vedkjennest éin dåp til forlating frå syndene og ser fram til oppstoda av dei døde og eit liv i den komande verda. Amen. 

Elles seier Den norske kyrkja om seg sjølve, at den er" vedkjennande, misjonerande, tenande og open". Vedkjenningsskrifter forøvrig er Den augsburgske konfesjon, samt Luthers lille katekisme.

Alter Moland kyrkje