Dugnaden på Veum kyrkjegard 12-mai hadde bra oppmøte.No er alt klart for sommaren. Kaffe og lappar til alle.

17.mai-messe i Moland kyrkje kl 11

Det vert 17.mai-messe i Moland kyrkje kl 11. Korpset deltek. Satsar på god 17.mai-stemning!

Hamaren

Sterk nedgang i fødselstalet i Telemark- økning i Vinje

 

Avisa Varden har sett på fødselstala i Telemark og samanlikna tala for 2000 og 2020. Og nedgangen er stor! I 2000 vart det født 1879 born i fylket, medan det i 2020 vart født 1408 born. I Tinn (der Rjukan ligg) er nedgangen størst. Ei nedgang frå 96 til 30.  Det er ei nedgang på 69%. Det at spesielt Rjukan har så stor nedgang i folketalet, har gjort at kommunen no skal redusera antal tilsette med 30 årsverk.Tokke har og ein sterk nedgang, frå 28 til 12.Det er to kommunar som har ei økning. Ei av dei ligg i Vest-Telemark. I Vinje er tala 34 og 35. I Nome er det og ei marginal økning. Tala for Fyresdal er 10 i 2000 og 6 i 2020. Det er det lågaste fødselstalet i Telemark. I Nissedal er det ein liten skilnad, ei nedgang frå 14 til 13. Det følgjer av dette at dåpstala og har vore sterkt redusera. På ei vanleg messe er det ikkje ofte ein vil uppleva å sjå at det er dåp. Dette kjem og av at det no er opna for at familien kan få ei eiga dåpsmesse på t.d. laurdag.

Korleis flagga ?

No kjem tida med mange raude dagar, og då vil dei som har flaggstang reisa flagget. Det er for private  fridom til å flagga når ein vil, medan det offentlege må flagga på offentlege flaggdagar. I mai er dei fleste raude dagar flaggdagar, men ikkje Kristi himmelfartsdag og 2.pinsedag. Sommerhalvåret heises flagget kl 8, og tas ned seinast kl 21. Hugs på at flagget skal handsamast på ei respektfull måte. Flagget skal ikkje berøre bakken. Private kan nytta flagget når dei vil,t.d. fødselsdagar, ved særskilde hendingar. Ein gong var eg på ei øy i Nord-Noreg, og mange flagga på ei vanleg kvardag. Eg spurte kvifor, og då fekk eg høyra at dagen føre hadde fylkestinget gjort vedtak om å byggja bru og undersjøisk tunnell ut til øya.

1.mai-gudsteneste i Moland kyrkje kl 11

Laurdag 1.mai er alle velkomne til gudsteneste i Moland kyrkje. Tema er om rettferd, nestekjærleik og solidaritet. Vi spør og om kyrkja skal ha meiningar om konkrete politiske saker, og om kva for verdiar ein kan løfta fram på denne dagen.

Det vanlege 1.maiprogrammet elles er også iår avlyst.

Familiegudsteneste i Moland kyrkje søndag 25.april

Kl 11 til søndag er det messe i Moland kyrkje. 5-åringar som kjem, vil få ein DVD om "Kyrkjerottene." Det var meininga at Ivar Skippervold skulle koma, men smitteverntiltaka tillet berre folk frå kommunen i kyrkja. Elles er det god plass i kyrkja. Velkomen!

Skreosen landhandel. Vegen inn til byggevaresenteret er kommunegrense til Kviteseid. Kjelde: Widerøe/Kruse

Nytt: Instagram prestegarden ? "fyresdalprestegard"

God påske!

Påskeinnslag fra Moland kyrkje på fyresdalskyrkja.com

Kyrkjelege handlingar - kva kostar det ?

Kva kostar det med kyrkjelege handlingar ? For dei som bur i Fyresdal er kyrkjelege handlingar gratis. 

DÅP: Dåp i vanleg messe er det vanlege. Under koronaen har vi og tilbod om eige dåpsmesse, då har vi val av kyrkje og tid etter avtale. Det er inga kostnader for dette.

VIGSEL: Vigsel i ei av kyrkjene er gratis (kyrkjeleige, prest og organist). Brureparet pyntar kyrkja sjølve, og blomar på alteret er fint. Vigsel utandørs eller andre stader er og gratis. 

GRAVFERD: Gravferd eller bisettelse er gratis når det gjeld seremoni. Men det kjem kostnader til når det gjeld kiste, annonse, pynting av kyrkja, krans osb.

Palmesundag -starten på den stille veka

Palmesundag startar den stille veka i påskehøgtida. Jesus rid inn i Jerusalem på eit esel, medan folket hyllar han og kastar palmegreinar ut i vegen. Palmesundag er likevel ikkje ein del av sjølve påska i kyrkjeleg meining. Vi seier gjerne "god påske" heile denne tida, og det er OK. Men somme ventar til 1.påskedag med å seie det. Påskeuka sluttar med 2.påskedag, som hjå oss er fridag. I t.d. Sverige er denne dagen ikkje fridag lenger. I år som førre året vert det ikkje messe i Fyresdal denne dagen.

Foto: Palmar ved Villa Malla i Asker kommune. Dei er nok ikkje ekte...

Lyst på ein prat eller få besøk ?

Påska er lang , og mange av påsketradisjonane går ikkje an å følgje. I kyrkja har vi avlyst alle påskemesser, og difor har vi god tid. Har nokon lyst på ein prat med prest Tore Samuelsen på telefon, samtale eller besøk ( kyrkjekontoret, prestegarden eller heime hos deg), er det berre å ta kontakt.

Prest Tore Samuelsen  tlf 480 90 970 

Du kan og kontakta:

Prostidiakon Eilev Erikstein  tlf 911 13 580

Kirkens SOS  22 40 00 40 ( heile døgnet)

Kor er dette ? Svar nederst på sida.

Ny instagramkonto om prestegarden i Fyresdal

Følg  fyresdalprestegard på instagram , og du kan sjå bilete frå pretegarden gjennom årstidene. Bilete både ute og inne, og litt historie om presegarden kjem og.

Instagramkontoen kyrkjaifyresdal vert som før. Her er det kunngjeringar om ting som skjer i kyrkjelyden, og litt info om høgtidar og spesielle dagar.

Konfirmasjonsdatoen blir lørdag 28.august!

Konfirmasjonsdatoen for årets kull er klar. Det har vært stor usikkerhet rundt konfirmasjonstidspunktet dette året. Noen, bl.a. endel av konfirmantene har hatt ønske om å få det til i vår. Samtidig har vi fått klare råd fra kirken sentralt, der vi oppfordres til å utsette til høsten. Da vil trolig smitteverntiltakene være færre, og flere vil få plass i kirken. Soknerådet har vedtatt at konfirmasjonsdatoen blir lørdag 28.august. Hvis det blir en gudstjeneste , så blir det kl 12. Hvis vi må ha flere, blir det flere tidspunkt.Det er jo tradisjon at konfirmasjonsfesten er samme dag som konfirmasjonsgudstjenesten. I fjor var det noen konfirmanter som hadde selskap en annen dag enn gudstjenesten. Hvis denne datoen passer veldig dårlig, er det en mulighet også i år.

Nasefjell sommaren 2021

Nasefjell i Fyresdal

Oppdaterte smittevernregler pr. 17.2.21

Følgende tiltak gjennomføres:

1. Max ca 80 i Moland, ca 50 i Veum. For øvrige gjelder  krav til avstand på 2 meter, gjeldar ikkje husstandfellesskap. Inga  førhandspåmelding  lenger.

2. Alle tar håndsprit når de går Inn i kyrkja.

3. De som kommer blir anvist plasser.

4.Alle skal skrive seg på liste med navn og tlf-nummer, denne blir makulert etter 14 dager.

5. Vi dropper ofring/takkoffer på vanlig måte. Dette blir evnt. tatt opp ved utgangen.

6. Salmebøker kan nyttes.Når vi er ferdig kan den gjerne ligge igjen i benken.

7. Hvis kirken har oppnådd det antallet personer vi kan ha,vil de som kommer etterpå måtte stå ute eller  evnt. i våpenhuset.

8. Er du forkjøla, småsyk eller kjenner på symptomer, da er det nok best å holde seg hjemme.

9. Pass på at når du hoster, gjør det inn i armhulen, lommetørkle  el.l.

10. Dåp vil finne sted i ordinære gudstjenester, egne dåpsgudstjenester kan tilbys etter avtale.

 

Sitatet: "Vi er i den eiendommelige situasjon at avstand er uttrykk for nestekjærlighet" ( Torleiv Austad)

Svar på Kor er dette ? Handelslaget, nåværende Oleas hus. Foto: Olav S. Nyli, truleg før 1905.