Konfirmantopplegg våren 2021

Tysdagar  kl 18-19.30 : 2.mars, 23.mars, 20.mars, 25.mai. I kyrkja.

Samtalegudsteneste søndag 30.5 kl 17.Kyrkjekaffeetterpå, avhengig av koronatiltak.

Laurdag 12.6 kl 12 Vandring Nøs-Hovstøyl.Overnatting.

Konfirmasjon laurdag 28.august. Kan verte fleire messer, kl 12 om det vert ein.

 

 

Kan du ikkje kome/ spørsmål ? Ring eller sms til Tore. 480 90 970

Spørsmål og svar

Spørsmål og svar - konfirmasjon

1)  Kva for alder skal ein konfirmant ha ?

Svar: Det er vanleg å konfirmera seg når ein fyllar 15 år. Når ein fyllar 15 er ein religiøst myndig, kan bestemme sjølv over spørsmål om tru og livssyn.

2) Må ein vera kristen for å verte konfirmert ?

Svar:Konfirmasjonen byggjer på at ein er døypt. Tidlegare var konfirmasjonen ein høgtideleg handling der ein stadfesta si dåpspakt. I dag er konfirmasjonsgudstenesta ei forbønsgudsteneste der vi ber ein bøn for kvar konfirmant. Elles er konfirmasjonstida  ei tid der ein har undervisning om kyrkje og kristendom, men også om kva det vil seie å vere menneske og ungdom osb. Konfirmasjonen er open for at ungdom kan ha både tru og tvil, undring og uvisse. Og det er OK! Vaksne kan vel og ha det slik. Dei som ikkje er døypte, kan verte døypte i konfirmasjonstida, i ei gudsteneste eller med berre det næraste til stades.

3) Kva er upplegget for konfirmasjonstida ?

Svar: I Fyresdal er det presentasjonsgudsteneste første helg i juni. I starten av august er det leir på Gjennestad vidaregåande skule i Stokke frå mandag til laurdag. Her er både alvor og gøy, aktivitetar og underholdning, og god mat !  Gjennom konfirmasjonstida møtast vi ein gong i månaden til samling, i prestegarden, Betel eller anna plass, før jol er det ljosmesse, på våren er det innsamling til Kirkens nødhjelp, og i april/mai er det samtalegudsteneste. I løpet av året  skal kvar konfirmant vere ministrant ved minst to gudstenester.Sjølve konfirmasjonsgudstenesta er ein  laurdag i slutten av mai. Opplegget er obligatorisk.NB  Til leiren finnast eit alternativt opplegg som pilegrimskonfirmant.

4) Korleis er konfirmasjonsgudstenesta ?

Svar: Før denne gudsteneste har kvar konfirmant fått låna kvar si  kvite kappe, og vi møtar seinast ein halv time før. Det er begrensa med plass i kyrkja, kvar konfirmant får reservert ca. to benkar. Konfirmantane går inn i kyrkja i prosesjon samman med prest og klokkar. Kvar konfirmant knelar ved alterringen , der presten bed ein kort bøn for kvar einskild.Til slutt går vi og ut av kyrkja i prosesjon. Etter messa vert det moglegheit for fotografering.

 

 

Tur til Hovstøyl

Vi tar ein overnattingstur til turisthytta Hovstøyl langs bispevegen mellom Nøs i Fyresdal og Setesdal.Vi går kl 12 på laurdag 12.juni, og  guttane overnattar på hovedhytta , medan jentene overnattar i annekset. Søndag formiddag går vi Langlidalen tilbake til Nøs, på vegen stoppar vi på Brokkstøyl og grillar pølsar.Hugs godt fottøy! Ikkje joggesko el.l! Vi tar med sovepose.

Sjå fleire bilete av Hovstøyl ? Gå inn på menyen, og gå inn på fotoalbum Hovstøyl.

Hovstøyl november-21

Hovstøyl