Tips om gravferd

1 . Når nokon døyr i Fyresdal, og ynskjer gravferd i i kommunen, må den døde stellast og leggjast i kiste. På POS er det rutine å få Tokke gravferdsbyrå til å gjera dette. Er dødsfallet skjedd i heimen, eller anna plass, kan familien kontakte valfritt gravferdsbyrå for dette. Byrået vil og kunne køyra kista til eit av bårehusa i kommunen. 

2. Kyrkjekontoret vert teken  kontakt med ( kyrkjeverje mob 951 59  494)  og mange av dei praktiske tinga får man hjelp til der. Kyrkjeverja kan ordna med dei fleste ting, t.d. finna  gravplass, praktiske  ting ved seremoni, trykking av songprogram ( ofte i samarbete med lokale trykkeri),  fylle ut skjema , laga dødsannonse  til avisa, val av salmar m.m.

3. Ved kyrkjeleg gravferd vil presten ringja familien for å avtala  samtale før gravferda. Her tar man opp spørsmål om seremonien, kranspåleggjing og minnetale. Presten halder minnetala om familien ynskjer det, men denne kan og haldast av ein i familien eller ein ven. Samtalen kan vere heime hjå familien, eller t.d. på kyrkjekontoret.

4. Det skal vere til vanleg 3 salmar i kyrkja og ein ute på grava.Ein av salmane inne kan byttast ut med instrumentalmusikk. Det er fint å ha ekstra solomusikk / song, t.d. etter kranspåleggjinga og/eller som preludium eller postludium. Vi tilrår levande musikk i gravferda. Nokre ynskjer musikk frå cd eller ved strøyming. Dette kan skje i samband med minnetala, men familien må då ta ansvar for det tekniske rundt dette.

5.Sløyfane på kransar og bårebukettar lesast opp av prest, medan klokkar løftar kransane opp frå golvet. Andre kan og lesa kransane om familien ynskjer det. Folk kan og koma fram og leggja på si eiga krans/bårebukett .Då kan ein og seia nokre ord , men denne helsinga bør vera kort.

6. Organisten spelar til vanleg ventemusikk 15- 20 minuttar før gravferda startar.

7. Ved kyrkjeleg seremoni er det vanlig at denne er open for alle.Men gravferda kan og skje i stillheit. Seremoni er vanleg, men ikkje obligatorisk.

8. Ved kremasjon køyrer gravferdsbil med kiste vidare, når vi kjem ut av kyrkja etter seremoni.

9. I stadenfor blomar og kransar, kan dei etterlatte velje å gi moglegheit til å gi ei minnegåve i samband med gravferda. Ein kan t.d.gi til ei forening eller organisasjon som var viktig for avdøde.

10. Ei gravferd skal etter lova finne stad  maks  10 arbeidsdagar etter dødsfall. Helgedagsr kjem i tillegg. Mange ynskjer gravferd på ein fredag. I Fyresdal kan vi ha gravferd tirsdagar og fredagar. Det er vanleg at seremoni er kl 12. Seremoni tek ca 45-60 minuttar.

11. På Moland nye kyrkjegard har vi og eit felt for muslimske gravar.

12.Spørsmål om t.d. gravstein, gravminne kan  takast opp ved kyrkjeverje, men dette kan gjerast ei tid etter gravferda.

13.Kontakt gjerne kyrkjekontoret for meir informasjon.

Minneord

I gravferder i vår tid er gjerne minneorda ei viktig del av seremonien.  Tidlegare kunne ein leggja mindre vekt på dette, og ofte leste ein heller ikkje sløyfa på kransar og bårebukettar. Men i dag er fokus på avdøde viktigare, og ein ynskjer ei gravferd som er personleg. 

Minneorda inneheld gjerne nokre biografiske fakta om avdøde. Om famile, arbeid, fritid, interessar.TiI veiledninga for seremonien heiter det :" Eit kort minneord vert fremført av liturgen eller av ein representant for dei pårørande. Det bør innehalda nokre biografiske moment med særleg vekt på det den døde har hatt å seie for dei som stod han/henne nær, og for andre livssamanhenger der han/ho har vore verksam."

I forkant av gravferda har presten som oftast ei samtale med familien, der ein mellomanna talar om seremonien og minneorda m.m. Ofte har presten minneorda, men ein i familien kan og ha den. Lengda på minnetala skal altså vera kort. Til vanleg kan hende opptil 10 minutt, i særskilte høve noko lenger. 

Ein må ikkje ha minneord. Om ein ynskjar det, kan ein lata vera å ha dette. Men heilt kort bør en seia litt om kva avdøde het, kor gammal han/ho ble, og kan hende nokre få opplysningar til.

Talen/andakten i gravferd

I kirkelige gravferder er det to taler, det er minnetalen, talen om den avdøde, og det er senere i ritualet andakten. Andakten er en tale over et eller flere skriftsteder i Bibelen. Denne talen avsluttes med en kort bønn og Fadervår. Tidligere var det vanlig at denne andakten var en tradisjonell kristen forkynnelse om Jesus og om Guds løfter og om troen på og håpet om oppstandelsen fra de døde. I dag er vel praksisen litt forskjellig blant prestene, sev tenker jeg følgende om andakten:

- en del av andakten omhandler litt om livet generelt, livsbetingelser for det å være menneske. 

- korte refleksjoner over aktuelle skriftsteder, som regel en henvisning til Jesu oppstandelse.

- vil gjerne ha innspill fra familien om spesielle ønsker for andakten, evnt. ønsker om hva andakten ikke bør omhandle. Jeg har opplevd at familien ikke ønsker jeg skal si "det er en mening med det". Jeg tar hensyn til slike ønsker. 

-jeg pleier ofte å ha med et par henvisninger til avdøde også i andakten, og i det hele tatt prøver jeg å ha en andakt som jeg tenker passer til den aktuelle begravelsen. Jeg ønsker at folk etterpå skal tenke at denne gravferden passet for avdøde.

 

5.10.20  Tore S

 

Kistegravferd, kremasjon eller...?

Kva for valmoglegheitar har ein når ein person er død ? Det vanlege i lang tid har vore kistegravferd. Ei av grunnane for det, har vore at trua på oppstoda i kristendomen har gjort at ein ikkje ynskja kremasjon.Det var vanskeleg å sjå for seg at litt oske kunne verte til ein person att.

Særleg etter krigen har talet på kremasjoner auka sterkt.To grunnar for det; den konkrete trua på oppstoda har vorte mindre, og då det å setja ned ei urne på kyrkjegarden tek mykje mindre areal enn ei kiste, så har det vorte vanleg  i byar og tettstader med kremasjon.Mange kyrkjegardar i byane  tillet berre urnenedsetjing i dag.Ved kremasjon, vert kista båra ut i ei gravferdsbil etter seremonien, og køyrd til krematorium ( noko vi ikkje har i Vest-Telemark). Urna vert sett i jorda på kyrkjegarden etter nokre veker eller månader.

Seremoni er noko dei aller fleste har, om ikkje i kyrkja, så i regi av t.eks. gravferdsbyrå eller anna livssynssamfunn. Seremoni er ikkje obligatorisk, men i Noreg har nesten alle det. I Sverige har det vore en sterk økning av at ein ikkje har seremoni, men at kista eller urna går rett i grava. Ca 5 % av gravferder er slik.

Det er dei som ordnar med gravferda som avgjer om ein skal ha offentleg gravferd eller gravferd i stillheit, eller som det står i svenske dødsannonsar: ...finnar stad i kretsen av dei nærmaste". Ein bør ha respekt for slike val. Offentleg gravferd passar nok ikkje for alle.

Fint om ein kan skriva noko ned, eller tala med sine nærmaste, om kva ein ynskjer for si eiga gravferd. Kva for seremoni, salmar, offentleg ?, minnesamvær ?.

Tore

Minnelund - anonym eller navnet ?

I Norge  får de fleste som blir gravlagt en gravstein med navn på. Ofte en gravstein som allerede er i bruk, eller at man bestiller en ny en. Foran denne er det et lite plantefelt hvor en kan plante blomster, sette ned lykter på allehelgensdag el.l. Der familien bor langt unna kan en avtale med blomsterbutikken eller kirkekontoret ordnes med at de steller graven. Om man ønsker kan en også be om at det blir laget  gressplen helt inntil graven. 

Men det finnes alternativer til gravminne ( ja, for en kan bruke andre materialer enn stein, f.eks tre eller smijern ). For personer uten barn og med liten slekt kan minnelund være et alternativ. Dette er et tilbud til de som velger kremasjon. Ved anonym urnelund blir asken fra urne tømt på minnelunden av kirketjener. Det er et felles monument/skulptur på plassen, i tillegg er det gjerne et blomsterbed, en benk, og et stativ en kan sette avkappede blomster og lys. Når disse blomstene blir visne, vil kirketjener fjerne dem.

Navnet minnelund er noe nytt noe. Endel syntes anonym grav ble litt vel anonymt. Så da har man satt opp en stein eller annet hvor det blir festet en navneplate med navn, fødselsår og dødsår. Ellers blir dette som det andre alternativet. Da slipper familien å tenke på stell av graven. Det gjør da betjeningen på kirkegården.

Dette er veldig uvant for de fleste i Norge, ihvertfall på bygda. I Valdres innviet vi en flott navnet minnelund for snart to år siden ( se bilde). Til nå har så vidt meg bekjent ingen valgt dette alternativet. NB Dette tilbudet finnes ennå ikke i Fyresdal, men det vil bli vurdert framover å ordne det.

Tore S

Vedtektar for gravplassar i Fyresdal

§ 1 VAL AV GRAVPLASS
I Fyresdal er det fire gravplassar som avlidne/pårørande kan velje
mellom til gravlegging, Moland Gamle kyrkjegard, Moland Nye
kyrkjegard, Veum kyrkjegard og Lønnegrav gravplass.
På den nord-vestre enden av Moland Nye kyrkjegard er det oppretta
eige muslimsk gravfelt.
Valet av gravplass gjeld òg for personar utanom kommunen som har
tilknyting til Fyresdal og som ynskjer å bli gravlagde her.
Avlidne personar frå andre kommunar kan gravleggjast i kommunen
mot at kostnadene ved gravferda og festeavgift vert betalt.
§ 2 FREDINGSTID OG FESTETID
Fredingstida for oskeurner er 20 år.
Fredingstida for kister er 30 år.
Festetida er 5 år.
§ 3 FESTE AV GRAV
Etter ei gravlegging er det høve til å feste (reservere) ei grav ved sida
av gravlagde, og i særskilte høve kan soknerådet gje løyve til å feste
2 graver ved sida av. Desse gravene utgjer ein gravstad.
Feste av grav kan bare skje i samband med dødsfall.
Ei enkeltgrav, og / eller den fyrste grava på ein ny gravstad er
betalingsfri i fredingstida.
Ved feste av ei eller fleire graver i tillegg til den som blir teken i
bruk, skal det frå fyrste stund betalast festeavgift for tilleggsgravene
for 5 år av gongen.
Når fredingstida for ei fri grav, eller festetida for ei festa grav er ute,
kan gravstaden festast for 5 nye år.
I god tid før festetida er ute skal festaren varslast. Er festet ikkje
fornya innan 6 månader, fell gravstaden attende til gravplassen.
Ingen kan gravleggast i festa gravstad utan samtykke frå festaren.
Dersom samtykke frå festaren ikkje kan innhentast, kan Fyresdal
sokneråd avgjere spørsmålet om gravlegging.
Festar har plikt til å melde frå om adresseendring.
§ 4 GRAV OG GRAVMINNE
Gravplasspersonalet vil syte for planering og tilsåing av gras etter ei
gravlegging. Gravminnet kan ikkje setjast opp tidlegare enn oml.
3 månader etter gravlegging av kiste. I mellomtida blir det sett opp
eit merke med namnet til den avlidne.
På ny gravstad vert gravminnet plassert sentralt i bakkant av den
fyrste grava som er teken i bruk.
Gravminnet er festaren sitt ansvar og eige, men gravminnet skal
godkjennast av Fyresdal sokneråd før det vert sett opp.
Av lokalhistoriske årsaker kan soknerådet vedta å ta vare på einskilde
område på gravplassen eller einskilde graver med gravminne og anna
gravutstyr. Dette må gjerast i samråd med festarane.
§ 5 PLANTEFELT
Framom gravminnet er det høve til å opparbeide eit plantefelt i høgd
med bakken rundt.
Plantefeltet kan vere like breitt som gravminnet og kan stikke 60 cm
fram, målt frå bakkanten av gravminnet.
Plantene skal ikkje vere høgare eller breiare enn gravminnet.
Det er høve til å ramme inn plantefeltet med ein dela steinkant.
Frå 01.01.2018 vil det ikkje vere høve til å setje ned bedplater
eller faste dekorasjonar i plantefeltet.
Dette har ikkje tilbakeverkande kraft.
Blir det plassert blomsterurner, lukka ljosboksar / lykter, eller andre
pyntegjenstandar framom gravminnet, skal desse plasserast så langt
inn i plantefeltet at dei ikkje hindrar kantslåinga.
Slike pyntegjenstandar må vere lette å flytte ved blant anna
gravearbeid.
Det er ikkje høve til å ramme inn grava eller delar av ho med hekk,
lause steinar eller jarn.
§ 6 PLANTEMATERIALE
Plantar, kransar og liknande materiale som vert bruka ved
gravferd, eller ved pynting av grav, og som endar som avfall
skal vere komposterbart.
§7 STELL AV GRAV
Festaren har rett og plikt til å stelle den grava han har ansvar for.
Plantefelt som ikkje vert tilplanta og stelt, skal såast til.
Gravplasspersonalet kan hjelpe til med tilsåinga.
§ 8 BÅREROM
Soknerådet disponerer bårerom ved båe kyrkjene. Slike rom skal
nyttast til å ta vare på avlidne i tida fram til gravferda og til
sorgarbeid. Ingen har tilgjenge utan etter løyve. Bruk av bårerom til
sorgarbeid og til syning kan bare gjerast etter samtykke frå den som
syter for gravferda.
§ 9 NÆRINGSVERKSEMD
Næringsdrivande som ynskjer å drive verksemd på gravplassen skal
ha løyve frå Fyresdal sokneråd. Løyvet kan kallast attende dersom
vedkomande ikkje rettar seg etter dei reglane som gjeld.
Slik verksemd kan bare omfatte montering og vedlikehald av
gravminne og planting og stell av graver.
§ 10 ANSVARSTILHØVE
Festaren har ansvar for å sjå til at gravminnet er sikra og oppretta.
Fyresdal sokneråd er ikkje ansvarleg for skade på graver og
gravutstyr ved naturhendingar, hærverk, tjuveri eller liknande.
Fyresdal sokneråd er ikkje ansvarleg for skadar på graver i nærleiken
av ei grav som vert graven opp, med mindre det er vist aktløyse frå
gravplasspersonalet.
Ved opning av ei grav kan jord leggjast på graver som ligg i
nærleiken, og gravutstyr kan flyttast på, men gravplasspersonalet har
då ansvar for å setje alt i stand att etter gravlegginga.
Av omsyn til moglege ulykker eller fare under arbeidet har
gravplasspersonalet høve til å flytte eller leggje ned gravminne.
§ 11 DIVERSE
På gravplassane må ingen sykle, ake eller drive sport, leik eller spel,
eller anna som ikkje sømer seg der.
Hundar må haldast i band inne på gravplassen.
Etter stell av grav må alt avfall fjernast og leggjast på tilviste
plassar.
Opplysningar kan ein få ved å vende seg til:
Kyrkjeverja i Fyresdal, tlf. 35 06 71 33 eller mob. 95 15 94 94

Gravferd Lønnegrav 1941. Foto: Olav Moen