HimalPartner- misjonsprosjektet vårt

Kyrkjelyden i Fyresdal har eit misjonsprosjekt vi støttar. Fleire gonger i året har vi takkoffer til dette i våre gudstenester. Vi har ei avtale med HimalPartner , som har arbeid i Himalaya (Nepal og delar av Kina). Denne organisasjonen har hatt diakonal bistand som oppgåve sidan 1938. På 60-talet var det fokus på utbyggjing av vasskraft, seinare har mental helse vorte eit viktig arbeid, og bygging av nettverk har også vorte sentralt.

Den diakonale innsatsen skjer i ord, handling og i Jesu navn, Ein legg vekt på bøn, sårbarheit og avhengiheit av Gud. Ein vil vera nær, nyskapande, nøktern, respektfull og kvalitetsbevisst.

I Fyresdal støttar vi arbeidet innafor mental helse, og da særleg i forhold til skule og samarbeid med foreldre.I skolen har dei innført den norske metoden ECEC ( Early Childhood Education Center). Oppfølgjing av elevane, ekstra innsats for svake elevar, fokus på hjelp til foreldre. Foreldre har tidlegare ikkje vore særleg involvert i skulegangen til borna, men nå vert det trekte inn i dette, og får opplæring i korleis dei kan støtte elevane i utdanninga. Ein vil forebygge, behandle og visa omsorg.  Skulen har ikkje leksar. Skuledagen er lang, så dei kan gjera oppgåver på skulen med hjelp frå kvalifisert personale.

HimalPartner er med i Samarbeid for menighet og misjon.

Vil du gje ein gåve til arbeidet ?

Bankkonto 3000 15 47107.

Vipps: HIMALPARTNER (eller 15521)

SMS:  HIMAL 100 til 2160  (100 kr)  eller HIMAL 150 til 2160  (150 kr)

Meir stoff om HimalPartner på www.himalpartner.no