Konfirmasjon laurdag 27.august kl 12

Konfirmasjon laurdag 27.8 kl 12. Konfirmantane møtar 11.30. Det vert ein reservera ein benk for kvar konfirmant (lang type), to benkar for dei som får  av den korte typen. Ca 11-12 plassar til kvar familie. Det er 16 konfirmantar, ein ekstern. Då har vi nytta nesten alle plassar nede i kyrkja . Vi har ca 40 plassar oppe på galleriet, her er det "fyrstemann til mølla" Etter gudstenesten er det fotografering. 

Informasjon konfirmantar 2022/2023

Etter at konfirmasjonsgudstenesten vart flytta til siste helga i august, har det kome nokre endringar på opplegget for konfirmanttida. Vi startar konfirmanttida noko seinare enn før, med førebuingar til og gjennomføring av ljosmesse andre søndag i advent, i starten av desember. Informasjonsmøte på Betel  for det nye kullet kjem truleg til å vere i slutten av oktober/starten av november. Påmelding til konfirmanttida vil være etter informasjonsmøtet. Presentasjon av nye konfirmantar i ei gudsteneste vil skje på nyåret 2023. Ta kontakt med kyrkjekontoret om det er spørsmål om noko.

Skumparty i Seljord.

Skumparty i Seljord.

Fra ”kick-off” i Seljord 30.10.21

Fra ”kick-off” i Seljord 30.10.21

Konfirmantar vår 22 -program

Foto;Kirkerådet

Foto;Kirkerådet

Tysdag  19.4   kl 17 -18.30 Prestegården. Tone Susanne informerar om ungdomsleiartenesten.

Søndag 24.4  kl 11. Gudsteneste i Moland kyrkje saman ca 140 konfirmantar frå Tvedestrand-området. Dei har messa i samband med leir på "hotellet".

Tysdag    3.5   kl 17. - ca kl 19.Pilegrimsvandring frå Betel, rundt i sentrum, pølsegrilling på Hamaren. Kort avslutning i Moland kyrkje.

Onsdag  18.5   kl 17 -18.30. Moland kyrkje  Øving samtalemesse

Søndag 22.5    kl 18  Moland kyrkje  Samtalemesse m/ kyrkjekaffe

LEIR GJENNESTAD VEKE 26  27.6-1.7

Tysdag 23.8    kl 17-18.30   Vi prøver kappar og øvar på korleis vi gjennomførar konfirmasjonsdagen.

KONFIRMASJON  LAURDAG  27.8   kl 12. Frammøte konfirmantane kl 11.30. 10-12 plassar reservert for kvar konfirmant. 

Kan du ikkje kome/ spørsmål ? Ring eller sms til Tore. 480 90 970

Storsamling i Seljord fredag 1.april kl 18.

I samband med fasteaksjonen arrangerer "Ønsket og elsket"  ei storsamling på Granvin kulturhus i Seljord. Her vil konfirmantane møte andre konfirmantar frå grannkommunane. Programmet er slik:

Kl 18   Frammøte

18.15  Opning

19.      Turnering/aktivitetar/kiosksal

20.      Info om fasteaksjonen 

21.      Turnering/aktivitetar/kiosksal.

22.      Finale (kanonball og fotball).

ca.23.15  Slutt

Fyresdal skal stilla eit fotballag med fem konfirmantar (minst 2 av kvart kjøn), samt eit kanonballag med  sju konfirmantar (minst tre av kvart kjøn). Det er mogleg å vere med på både laga. Dei som ikkje deltek, skal vere heiagjeng!

Det er kiosksal, med det er og open og gratis buffet med brødmat heile kvelden.

Vi treng nokre foreldre som kan vere vaktar og sjåførar til Seljord.

Vonar dette vert ei spennande kveld!

Spørsmål og svar

Foto:Kirkerådet

Foto:Kirkerådet

Spørsmål og svar - konfirmasjon

1)  Kva for alder skal ein konfirmant ha ?

Svar: Det er vanleg å konfirmera seg når ein fyllar 15 år. Når ein fyllar 15 er ein religiøst myndig, kan bestemme sjølv over spørsmål om tru og livssyn.

2) Må ein vera kristen for å verte konfirmert ?

Svar:Konfirmasjonen byggjer på at ein er døypt. Tidlegare var konfirmasjonen ein høgtideleg handling der ein stadfesta si dåpspakt. I dag er konfirmasjonsgudstenesta ei forbønsgudsteneste der vi ber ein bøn for kvar konfirmant. Elles er konfirmasjonstida  ei tid der ein har undervisning om kyrkje og kristendom, men også om kva det vil seie å vere menneske og ungdom osb. Konfirmasjonen er open for at ungdom kan ha både tru og tvil, undring og uvisse. Og det er OK! Vaksne kan vel og ha det slik. Dei som ikkje er døypte, kan verte døypte i konfirmasjonstida, i ei gudsteneste eller med berre det næraste til stades.

3) Kva er upplegget for konfirmasjonstida ?

Svar: I Fyresdal er det presentasjonsgudsteneste  i  september. I veke 26 (juni) er det leir på Gjennestad vidaregåande skule i Stokke frå mandag til fredag. Her er både alvor og gøy, aktivitetar og underholdning, og god mat !  Gjennom konfirmasjonstida møtast vi ein gong i månaden til samling, i prestegarden, Betel eller anna plass, før jol er det ljosmesse, på våren er det innsamling til Kirkens nødhjelp, og i mai er det samtalegudsteneste. I løpet av året  skal kvar konfirmant vere ministrant ved minst to gudstenester.Sjølve konfirmasjonsgudstenesta er ein  laurdag sist i mai. Opplegget er obligatorisk.NB  Til leiren finnast eit alternativt opplegg som pilegrimskonfirmant.

4) Korleis er konfirmasjonsgudstenesta ?

Svar: Før denne gudsteneste har kvar konfirmant fått låna kvar si  kvite kappe, og vi møtar seinast ein halv time før. Det er begrensa med plass i kyrkja, kvar konfirmant får reservert ca. to benkar. Konfirmantane går inn i kyrkja i prosesjon samman med prest og klokkar. Kvar konfirmant knelar ved alterringen , der presten bed ein kort bøn for kvar einskild.Til slutt går vi og ut av kyrkja i prosesjon. Etter messa vert det moglegheit for fotografering.