Informasjonsmøte nye konfirmantar 7.september kl 19 på Betel

Eit nytt konfirmantår startar til hausten. Vi vil ha eit informasjonsmøte på Betel tysdag 7.september kl 19. Her vert det høve til å melde seg på konfirmasjon i Fyresdal. Nytt av året er at konfirmasjonen siste laurdag i august vert ei fast ordning.Nytt er det og at vekesleir på Gjennestad i Stokke avsluttar konfirmantåret. Før har leir starta konfirmanttida,Møtet er for konfirmantar og foreldre /føresette. Velkomen!

Ferieavvikling Fyresdal - Skyttemyr vikarprest

Sokneprest i Nissedal Knut Bjørn Skyttemyr vil vikariere i Fyresdal frå 26.juli til 22.august. Han vil ha gudsteneste på gamle Heggland kyrkjegard søndag 1.august, i Moland kyrkje kl 11 8.august og i Veum kyrkje 22.august kl 19. Han vil og ha andre tenester.

Messe i Veum kyrkje 25.7 kl 11

Velkomen til messe i Moland kyrkje kl 11 til søndag 25.7  Denne dagen handlar det om ikkje å døma.Denne kvelden vert det og nattverd.

Siste nytt om konfirmasjon laurdag 28.august

Konfirmanttur til Hovstøyl

Årets konfirmantar har fått konfirmasjonen flytta til hausten pga koronaen. Det er 11 konfirmantar dette året, og vi  veit jo ikkje korleis smittetilstanden er i slutten av august. Ofte har jo konfirmantane vore samla til messe, men dette året har vi gjort vedtak om å ha to messer etter kvarandre. Den fyrste kl 11, og her vert det 6 konfirmantar inkludera alle jentene. Den andre messa vert kl 12.30, og her vert det 5 gutar.Det har vore loddtrekning om tida. Når dei første er ferdige ute, tek vi bilete med alle samla. Vi ha kan hende litt knapp tid, men då utset vi berre den andre messa med nokre få minutt. Kvar messe vert på 45-50 minutt. Ved å ha to messer får fleire av gjestane plass i kyrkja. NB! Konfirmantane møter i Moland kyrkje tysdag 24.august kl 18-19.30 til øving/kappeprøving.

GOD SOMMAR ! Foto: Vestre Nape juli-21

Fint med hesjing ved Gamleveg

Lyst til å sjå inn i Moland kyrkje ?

Lyst til å sjå inn i Moland kyrkje ? Har du sommarbesøk som vil sjå kyrkja ? Vi har ikkje nokon ordning med open kyrkje, men stikk innom kyrkjekontoret i næringshagen, og vi kjem og opnar kyrkja. Om ynskjeleg kan vi og fortelja litt om kyrkja. Kyrkjekontoret er til vanleg ope 10-15 på kvardagar.Velkomen!

Fyresdal - våre informasjonskanaler i ei internett-tid

Det fleste kyrkjelydar har kyrkjelydsblad i papirformat.Ikkje så med Fyresdal. Men det er mange måtar ein kan få informasjon om kyrkjelyden på. I kommuneinformasjonen har vi gjerne eit par sider. Vi har og facebookside (kyrkja i Fyresdal). Vi har og ein vanleg nettside med mye nyttig og aktuelt stoff, her er det og fleire hundre bilete frå fjell og grender i kommunen (sjekk fyresdalkyrkja.com eller kyrkjaifyresdal.com, ved årsskiftet avsluttes den fyrst nevnte). 

Følg gjerne instagramkontoen vår "fyresdalkyrkja". Her kjem aktuelt stoff, og i slutten av uka er det informasjon om neste messe. Er du kan hende opptatt av hus og interiør, kan du følgja kontoen om prestegarden "fyresdalprestegard". 

Ja, ikkje kyrkjelydsblad, men mange kanalar til god informasjon.

No vert det fast haustkonfirmasjon !

Nye konfirmantar 2021/2022 - informasjon

Vi gleder oss til å møta dei nye konfirmantane konfirmantåret 2021-22! Her kjem noko informasjon for dykk.  Konfirmasjonen er ei gammal tradisjon i kyrkja, og den starta på 1730-talet, etter ynskje frå den dansk-norske kongen. I dag er konfirmasjonen en kombinasjon av konfirmasjonstida og avsluttande konfirmasjonsgudsteneste. I dag er denne gudstenesten ei forbønsgudsteneste, og det er ikkje noko krav om at konfirmanten skal ha ei uttalt kristen vedkjenning. Men i utgangspunktet er konfirmasjonen for dei som er døypte, men det er og mogleg å verta døypt under konfirmasjonstida.

Det har skjedd noko nytt for konfirmasjonen i Vest-Telemark iår. Tidlegare har konfirmantåret starta med ei vekes leir på Gjennestad i Stokke. Så har det vore undervisning gjennom året, med avsluttande konfirmasjon i slutten av mai. For dere nye konfirmantar vert det slik: Vi startar med eit informasjonsmøte om konfirmasjonen tysdag 7. september på Betel kl 19 Dette er og for foresatte. Så startar sjølve undervisninga først i januar, og i mai/juni har vi ei samtalemesse. Så er det leir på Gjennestad siste veka i skuleferien, før vi har avsluttande konfirmasjon siste laurdag i august. Gjennom året skal dei være ministrantar i 2 gudstenester, samt at vi og har kirkens nødhjelpaksjonen og eit par turar til fellesopplegg med dei andre konfirmantane i vest-Telemark i Seljord. På infomøte i september er det høve til å melde seg på konfirmasjonstida. Velkomen som konfirmant! Om du vil spørja om noko , ta kontakt med kyrkjekontoret.

Sterk nedgang i fødselstalet i Telemark- økning i Vinje

 

Avisa Varden har sett på fødselstala i Telemark og samanlikna tala for 2000 og 2020. Og nedgangen er stor! I 2000 vart det født 1879 born i fylket, medan det i 2020 vart født 1408 born. I Tinn (der Rjukan ligg) er nedgangen størst. Ei nedgang frå 96 til 30.  Det er ei nedgang på 69%. Det at spesielt Rjukan har så stor nedgang i folketalet, har gjort at kommunen no skal redusera antal tilsette med 30 årsverk.Tokke har og ein sterk nedgang, frå 28 til 12.Det er to kommunar som har ei økning. Ei av dei ligg i Vest-Telemark. I Vinje er tala 34 og 35. I Nome er det og ei marginal økning. Tala for Fyresdal er 10 i 2000 og 6 i 2020. Det er det lågaste fødselstalet i Telemark. I Nissedal er det ein liten skilnad, ei nedgang frå 14 til 13. Det følgjer av dette at dåpstala og har vore sterkt redusera. På ei vanleg messe er det ikkje ofte ein vil uppleva å sjå at det er dåp. Dette kjem og av at det no er opna for at familien kan få ei eiga dåpsmesse på t.d. laurdag.

Korleis flagga ?

 

Avisa Varden har sett på fødselstala i Telemark og samanlikna tala for 2000 og 2020. Og nedgangen er stor! I 2000 vart det født 1879 born i fylket, medan det i 2020 vart født 1408 born. I Tinn (der Rjukan ligg) er nedgangen størst. Ei nedgang frå 96 til 30.  Det er ei nedgang på 69%. Det at spesielt Rjukan har så stor nedgang i folketalet, har gjort at kommunen no skal redusera antal tilsette med 30 årsverk.Tokke har og ein sterk nedgang, frå 28 til 12.Det er to kommunar som har ei økning. Ei av dei ligg i Vest-Telemark. I Vinje er tala 34 og 35. I Nome er det og ei marginal økning. Tala for Fyresdal er 10 i 2000 og 6 i 2020. Det er det lågaste fødselstalet i Telemark. I Nissedal er det ein liten skilnad, ei nedgang frå 14 til 13. Det følgjer av dette at dåpstala og har vore sterkt redusera. På ei vanleg messe er det ikkje ofte ein vil uppleva å sjå at det er dåp. Dette kjem og av at det no er opna for at familien kan få ei eiga dåpsmesse på t.d. laurdag.

Nytt: Instagram prestegarden ? "fyresdalprestegard"

No kjem tida med mange raude dagar, og då vil dei som har flaggstang reisa flagget. Det er for private  fridom til å flagga når ein vil, medan det offentlege må flagga på offentlege flaggdagar. I mai er dei fleste raude dagar flaggdagar, men ikkje Kristi himmelfartsdag og 2.pinsedag. Sommerhalvåret heises flagget kl 8, og tas ned seinast kl 21. Hugs på at flagget skal handsamast på ei respektfull måte. Flagget skal ikkje berøre bakken. Private kan nytta flagget når dei vil,t.d. fødselsdagar, ved særskilde hendingar. Ein gong var eg på ei øy i Nord-Noreg, og mange flagga på ei vanleg kvardag. Eg spurte kvifor, og då fekk eg høyra at dagen føre hadde fylkestinget gjort vedtak om å byggja bru og undersjøisk tunnell ut til øya.

Kyrkjelege handlingar - kva kostar det ?

Ny instagramkonto om prestegarden i Fyresdal

Følg  fyresdalprestegard på instagram , og du kan sjå bilete frå pretegarden gjennom årstidene. Bilete både ute og inne, og litt historie om presegarden kjem og.

Instagramkontoen kyrkjaifyresdal vert som før. Her er det kunngjeringar om ting som skjer i kyrkjelyden, og litt info om høgtidar og spesielle dagar.

Konfirmasjonsdatoen blir lørdag 28.august!

Følg  fyresdalprestegard på instagram , og du kan sjå bilete frå pretegarden gjennom årstidene. Bilete både ute og inne, og litt historie om presegarden kjem og.

Instagramkontoen kyrkjaifyresdal vert som før. Her er det kunngjeringar om ting som skjer i kyrkjelyden, og litt info om høgtidar og spesielle dagar.

Oppdaterte smittevernregler pr. 17.2.21

Følgende tiltak gjennomføres:

1. Max ca 80 i Moland, ca 50 i Veum. For øvrige gjelder  krav til avstand på 2 meter, gjeldar ikkje husstandfellesskap. Inga  førhandspåmelding  lenger.

2. Alle tar håndsprit når de går Inn i kyrkja.

3. De som kommer blir anvist plasser.

4.Alle skal skrive seg på liste med navn og tlf-nummer, denne blir makulert etter 14 dager.

5. Vi dropper ofring/takkoffer på vanlig måte. Dette blir evnt. tatt opp ved utgangen.

6. Salmebøker kan nyttes.Når vi er ferdig kan den gjerne ligge igjen i benken.

7. Hvis kirken har oppnådd det antallet personer vi kan ha,vil de som kommer etterpå måtte stå ute eller  evnt. i våpenhuset.

8. Er du forkjøla, småsyk eller kjenner på symptomer, da er det nok best å holde seg hjemme.

9. Pass på at når du hoster, gjør det inn i armhulen, lommetørkle  el.l.

10. Dåp vil finne sted i ordinære gudstjenester, egne dåpsgudstjenester kan tilbys etter avtale.